tirsdag, februar 27, 2007

Hanang!












Her e to bilde frå turen me hadde t Hanang sist lørdag! Hanang e Tanzanias 4. høgaste fjell og e 3417 m.o.h! Me starta fra Haydom kl 05.00 og ambulansesjåfør Adam va åkkas guide! Ette å ha kjørt i en time sette me åkke kraftig fast som du ser på bilde! Det e rett ved lake Basosto og innsjøen nådde opp t veien si det he regna så møje! Off, eg følte at bilen sko tippa når som helst når me satt 11 stk i an! Men ette ei stund fekk me tak i en bil frå Haydom som kom og drog oss opp. Litt aktion der ja! Me fekk heldigvis ta en liten omvei og reisen til vulkanen fortsatte! Turen opp var bratt, men me kom opp! Brukte ca 5 tima, men det va litt disigt på toppen som dåkke ser :) Me hadde utsikt eine veien.

Her om dagen va me med ut på ambulansetur! Me skulle henta ei fødande dama i ett distrikt ca en time i frå! Det va spennande, litt forskjellig frå heima kan du sei. Me måtte gå ett stykke for å henta hu, då i sorpa, så dei kvide uniformane åkka såg ikkje så fine ut lenger!

Nå e me me Mobile Clinic ut på turer! Det e kjempe gøy! I går sette eg så med vaksina som aldri før, på onga og gravide! Ongane grine ikkje så møje som heima, hm! Kanskje det bare va syne av meg som beroliga di :) I dag lærte me å undersøka gravide! Det va og gøy!

Bildene kom litt i hytt og vær, men, men!

Nå grue me åkke litt t å forlata Haydom då! Me he blitt kjent me så mange jille folk!

fredag, februar 23, 2007

Her håpe eg det et bilde fra kortspeling!

mandag, februar 19, 2007

God ettermiddag!

Eg må bare raske på med å skrive nokre ord for å visa at eg leve:) He hatt ei solstrålande helg, bokstaveligt talt! Ikkje møje reggen i det heila! På fradag va me hjå to studenta me he blitt godt kjent med! Me lærte dei å spela kort, for hu eina hadde sett me hadde spelt kort hjå Catherin! I begynnelsen forstod dei ingenting, men ettekverd gjekk det bedre! Det va knalløye og dei lo og lo øve desse kortå! Me fekk chapati, ris og bønne, og selvfølgele kaffi med to spiseskjeie med sukker! På lørdag va me hjå Catherin og lagte norske mat! Eller det va vel italiensk gryterett då, men jaffal sånnen mat som me ede i Norge! Dei likte det veldig godt så det va jo konge! Godt for dei og å veksla ut ugalien! På søndag va det jo fastelaven og Margrete og Benedikte va litt leie seg for at dei ikkje hadde bolle med krem, men så hadde hu som me bestille brød hjå bakt kanelruller som me fekk! Me tok med oss dei to kortspelareane opp på Haydomfjellert på fastelavenspiknikk! Dei hadde aldri våre på fjellet før (he budd her i tri år), dei e liksom seriøse studenta og drive ikkje med fjellklatring :) Men dei ga uttrykk for at det va kjekt, men va litt slitne då me kom opp!
Ellers e det sista vegå nå på Sergical Ward! Ette det ska me vera med ut med dei mobile klinikkane og avslutte oppholdet på fødeavdelingen! Ette det blir det litt reising med safari og standliv ved det Indiske hav! Me he ennå møje å sjå fram t, men det ska og bli godt å koma heim og eta brunost;)

tirsdag, februar 13, 2007

Ny rapport


Her er et bilde av Margrete og meg samen med tri av dei morlause ongane! Me bestemte okke på søndag for å ta de med okke ut på tur! Dei tilbringe møje av tiå inne på et lite rom på fødeavdelingen, så eg trur dei likte å koma seg ut litt! Eg prøvde å bæra hu eg hadde ansvaret for i en khanga på ryggen og det va løye og gøy :) De e så søte!

I dag he me våre med på litt av ett prosjekt! Meininga va at me skulle vera med ut på klinikk med småfly som MAF flyr! Problemet va at det hadde regna heile natta i strekk pluss heile formiddagen i dag og da va det sorpete og bløtt! Me venta i fem tima på flyet og då det kom måtte piloten fysst kartlegga om det va trygt å ta av igjen! Han bestemte seg for at me sko prøva ett område han trudde det va trygt å landa. Me tok av fra rullebanen her ute og då me kom fram t der me skulle vera med å undersøka pasienta og setta vaksina, va rullebanen for vanskelige for piloten å landa på! Han ville ikkje ta sikte på å ødelegga flyet, så me måtte snu å fly tilbake igjen! Litt dumt, men flyturen va spennande :) Me ska få en sjanse igjen på torsdag!

Ellers går det bare bra her, men det regne utrulig møje! Men der e sol og altså :) Nå he me bare litt øve tri vege igjen i praksis! Det går fort.

lørdag, februar 10, 2007

Hallo!

Da satt eg her her pa datarommet igjen! Fekk en maskin uten dei siste tri bokstavane i okka alfabet! Me he det fortsatt veldig bra her og helle okke friske! Eg skreiv sist gong at me skulle pa katolsk gudstjeneste! Ette gudstjenesten blei me bedt heim pa middag hos presten og det va veldig koselig! Det starta som vanligt a holja ner med reggen, sa presten kjorte okke heim rett og slett!

Me stote pa moje pa sjugehuset! He vare ei veka na pa surgical ward og reception, der hovedinngangen pa sjugehuset e! Reception e vel pa en mate det sama som akuttmottaket heima, bare at tempoet e litt forskjellig! Her om dagen va me med og sag pa operasjon. Det va en ung gutt som skulle opererast for perforasjon pa tymmtarmen, sannsynligvis ette tyfoidfeber! Det va en heftig opersajon! Anestesisjugepleiaren styrte en manuell respirator. Nagen gange stakk han ut og spurte om eg kunne overta! Sa da va eg plutselig anestesisjugepleier! Sa spennande det!

Mzungu! Det e swahili og betyr kviding! Nar me gar rundt fjellet, kjeme ongane springande og rope mzungu, mzungo og rive okke meste over ende! Fysst va det jo heilt greit det, men na.... I neste vega ska me kanskje fa vera med a fly ut pa mobile clinic, til foten av Hanang fjellet! Det ser me fram t! Me ska fa vera med viss dei ska bruka det stora flyet som dei seie! Da ska dei undersoke gravide modre og veie og sette vaksine pa ongane! Jippi! Ellers sa fekk eg i reception setta veneflon pa en liten baby! Det va litt vanskeligt, sag sa vidt ei liden blodara! Stakkar liten, men han hadde malaria og va avhengige av medisin!

Men na e det mange foreldre her pa datarommet som ska sjekka resultata til ongane sine fra eksamen fra videregaende, sa dei far fa overta denne fantastiske maskinen, me folt av logne tegn pa! I dag lordag fekk me forresten food for cow t ugalien, sa det va litt av en positiv overaskelse, smakte mye bedre med litt gront t!

lørdag, februar 03, 2007

God helg!


Hallo:) Eg e visst møje inne og oppdatere bloggen! Det e fordi det e så møje som skjer! I går va me med nokre studenter med lærare frå Trøndelag på tur t Harar fjellet! Det va veldig koselig og gøy! Hadde god utsikt utover Haydom og t Rift Valley, med savannene rundt! I dag stod me opp kl. 6 og tok faktisk på oss badetøy! Koffor gjorde me det? Jo, me sko på kjøretur og besøka en stamme som hette Hatze- stammen i Rift Valley! I språket deira he dei løgne klikkelyda, det e utrulig løye å høyra på! Men grunnen t badetøyet e faktisk regntiå! Me va blitt fortalt at 5 km før ankomst t stammen va det ei store elv som me ikkje kunne kryssa med bilen, så me måtte gå øve og vatenet ville antagelig nå oss t under armane! Me begynte kjøreturen og veiene va ikkje heilt på topp! Me sklei igjønå sorpa og bekke! Me fekk og et lass med tze-tze flue inn i bilen! Då me kom t elvå, va hu heldigvis sonke litt tebage, så bilen kom akkurat øve! Så slapp me å bada i det "reina" vatenet! Då me nådde savannen såg me et på gaseller som sprang. Det va jilt å besøka Hatze folkå! Dei budde i stråhytte! I mårå ska me vera med hu sjugepleiaren som me he våre en del sjå på katolsk gudstjeneste!

Off, eg la ut feil bilde, eg sko legga ut der med den elvå! Ja, ja! Her måtte alle ut av bilen så me ikkje skulle synke ned i sorpa!

God helg :)

torsdag, februar 01, 2007

Jamani!


Litt rapport i fra meg ein regnfull torsdagskveld i Afrikas bush! Eg he det bare fint, men e en smule lei ugali og bønner! I går va me på markedet 7 km herfra! Me va 15 stk i bilen og satt som sild i tønne på hompete veie som e nåkså ødelagte av dette regenet! På vei bort såg me en lastebil som hadde kjørt seg temmeligt fast i sorpå og dei holdt på å grava an fram! Han låg halvveis i grøftå! På markedet kjøpte eg to livsfarlige spyd av en Datoga mann! 2,50 kr pr stykk! Dei e sånn at he du fysst fått spydet inn i byttet, for eksempel ei hyena, så får du det ikkje lett ut igjen! Off, eg tåre meste ikkje ta dei med heim! Eg kjøpte og någen små barnesko som e lagt av bildekk, som alle her går rundt med! Ellers he eg våre oppe i byen og fått sydd meg klær! Ei litt afrikansk drakt og en finkjole! For å sei det sånn så syr mor møje finare, men det va løye å prøva! De syr jo med någen gamle maskina! Margrete valgte då ett stoff med follt av ende på t det afrikanske kostyme og hu e så misfornødde med desse endene så hu drømme om dei om nattå! He, he.

Tiå går ganske fort her, me ska alt ha halvevaluering i mårå! Ellers helde me for tidå på med å planlegga safari t Ngorogoro krateret og feri i Peponi (3 mil sør for Tanga) når me e ferdige her! Så det håpe me blir bra! Klem fra Benedikte :)