tirsdag, oktober 24, 2006

Heime!







Eg har vore heime i 50- års fest til mor i helga. Det var veldig triveleg. Koseleg å samle heile familien i ny og ne. Vi haldt feiringa gåande til kl. 02.30, så kjekt hadde vi det. Skal forresten leggje ut nokre bileter frå kvelden. Det eine bilete viser den spreke 50 åringen og dei andre viser Anne Karine, Bjørn og Monika i full sving.

I kveld skal eg ta nattoget attende til Oslo, vert lite søvn då! Så no sit eg og førebur meg til muntleg framlegg i psykiatri praksisen. Før eg reiser skal eg opp ein tur på skulen med nokre veninner å symje mange km, så eg må raske på med pakking og skule arbeid!

Må bare avslutte med to Professoren sitat. Han kan få sagt det!

- "Legevitenskapen har i den senere tid gjort slike fremskritt at det i dag er umulig å finne et eneste menneske...........som er friskt!" - "Forskjellen mellom genialitet og dumhet er blandt annet den,.....at geniet har sin bergensning!"

Hi, hi!

Ps: Joffen; No kan vi endeleg spele minigolf i stova! Fekk låne med eit feitt sett av far :)

mandag, oktober 16, 2006

Benedikte har fått seg blog!



Ja, ja! Etter mykje om og men så har eg no fått meg ein liten blog her! Festleg. Eigentleg har eg laga denne bloggen etter oppmuntring frå folk som vil følgje med på korleis eg har det i praksis på Haydom Lutheran Hospital etter jul! Så då måtte eg laga meg ein blog i god tid :) Men dette var faktisk mykje betre enn den spacen eg har hatt til no på MSN!
Så må eg berre nytta høve til å visa eit fint vinterbilete frå heime...

Nana!!