tirsdag, november 21, 2006

Ny praksis :)


Eg har nå byrja i praksis på barselavdelingen på Ullevål Universitetssjukehus. Det er heilt konge. Dei søte, små nyrka altså! I dag har eg gått rundt og sett på all aktiviteten ei barselavdeling kan by på. Når eg nå har observert den morskjerleiken ei mor har til barnet sitt er det nesten rørande. Der eg stod og var med på ammeveiledning kom eg på desse bibelversa:

Jes 49,14-16:
Herren har forlate meg, herren har gløymt meg. Gløymer vel ei kvinne sitt diande barn, har ho ikkje medkjensle med den sonen ho fødde? Og om ei mor kan gløyme, gløymer ikkje eg deg. Sjå i begge hendene dine har eg teikna deg i mine hender!

Det skal vere sikkert og visst at det skal mykje til for at ei mor gløymer ungen sin. Og tenk at sjølv om ho kan gløyme, så gløymer aldri Gud oss! Det er fantastisk å tenkje på, blir glad eg:)

Ellers er eg i full gang med å planleggje og kjøpe inn ting og tang til Tanzania praksisen! Må sei eg gler meg kraftig mykje...

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

Heisann:)

Ååå du e så heldig så får vær me små babya kvær dag.....det hørres skikkelig kjekt ut:)
Go helg Sis:)
klems frå Monika

7:18 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Ååååå :)

Kos og klem!

12:42 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home